Konservatoriet i Moskva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovudaulaen ved konservatoriet. 2009.

Konservatoriet i Moskva er ein utdanningsinstitusjon i Moskva for høgare musikalsk utdanning. Den fulle tittelen er Moskva Statskonservatorium oppkalla etter P. I. Tsjajkovskij (russisk: Московская Государственная Консерватория им. П. И. Чайковского). Konservatoriet er det nest eldste i sitt slag i Russland; berre Konservatoriet i St. Petersburg er eldre. Desse to er dei leiande musikkuniversiteta i landet.

Konservatoriet vart grunnlagt i 1866 som Moskva Rikskonservatorium av Nikolaj Rubinstein (bror til Anton Rubinstein, som grunnla Konservatoriet i St. Petersburg i 1862) og fyrst Nikolaj Petrovitsj Trubetskoj.

Ved opninga vart Pjotr Tsjajkovskij utnemnt til professor i teori og harmoni. Tsjajkovskij heldte denne stillinga fram til om lag 1878. Sidan 1940 har konservatoriet bore namn etter han.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]