Konservatoriet i St. Petersburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Konservatoriet i St. Petersburg.

Konservatoriet i St. Petersburg er ein utdanningsinstitusjon i St. Petersburg før høgare musikalsk utdanning. Den fulle tittelen er: N. A. Rimskij-Korsakov St. Petersburg Statskonservatorium (russisk: Санкт-Петербургская государственная консерватория имени Н. А. Римского-Корсакова). Konservatoriet vart skipa i 1862 og er med det det eldste konservatoriet i Russland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grunnleggjaren av konservatoriet var komponisten Anton Rubinstein. Han var leiar for konservatoriet fram til 1867, då Nikolaj Zaremba tok over. I 1871 vart Nikolaj Rimskij-Korsakov med i lærarkollegiet. Rubinstein vendte tilbake som leiar i 1887. No sette han som mål å betra kvaliteten på det og sette i gang ved å fjerna studentar som presterte dårleg, sparka eller degradera ein del professorar, skjerpa krava for innkomst og eksaminasjon og å omarbeida pensum. Men då keisardømet Russland gjorde krav om rasekvoter til konservatoriet, trekte Rubinstein seg som leiar nok ein gong.

Bygninga som enno står i dag vart bygt i 1890-åra der det gamle Bolsjoj-teateret stod før. Namnet på konservatoriet endra seg i takt med at bynamna endra seg, fyrst til Petrograd og deretter Leningrad. Opp gjennom tidene har konservatoriet uteksaminert studentar som Pjotr Tsjajkovskij, Sergej Prokofjev, Dmitrij Sjostakovitsj, Artur Kapp og Rudolf Tobias. Konservatoriet har i dag om lag 1400 studentar og 275 lærarar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]