Konstruktivisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Konstruktivisme er eit omgrep med fleire tydingar:

  • Læringsteorien konstruktivisme. Innan pedagogikk er konstruktivisme ein læringsteori som hevdar at kunnskap ikkje overførast uendra frå lærar til elev, men at læring er ein aktiv prosess der kunnskap stadig skapast på nytt i ny samanheng.
  • Abstrakt kunst. Innan kunst og arkitektur er konstruktivisme opphavleg ei russisk kunstretning frå byrjinga av 1900-talet med fokus på skaping av nye abstrakte kunstformar. Kan òg nyttast som generelt omgrep for abstrakte kunstretningar.
  • Konstruktivistisk filosofi. I filosofien er konstruktivisme eit syn på røynda (eller vår kunnskap om ho) som ein verdiladd subjektiv konstruksjon heller enn ei passiv tileigning av objektive sanningar.
  • Matematisk konstruktivisme. I matematikk hevdar konstruktivismen at eit matematisk objekt må finnast (eller kunne «konstruerast») før det er prova at det eksisterer.
  • Politisk konstruktivisme. Innanfor internasjonal politikk avviser konstruktivismen dei typiske liberalistiske og realistiske teoriane, og hevder at statane sine interesser har utgangspunkt i identitet og internasjonale normer framfor den internasjonale strukturen.

Fleirtyding Dette er ei fleirtydingsside. Ho listar sider om ulike emne som elles ville hatt same namnet.
Dersom du følgde ei lenkje hit, kan du kanskje gå tilbake og rette henne slik at ho peikar direkte til den rette sida.