Kontaktepitel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kontaktepitel er eit tolaga, uforhorna plateepitel som oppstår i samband med tannframbrot. Kontaktepitelet forseglar staden der tanna bryt gjennom slimhinna og vernar underliggjande vev. Vendt inn mot tanna er kontaktepitelet meir beskytta mot mekaniske påvirkninger enn oralt epitel er. Mens det orale epitelet er ugjennomtrengeleg med tettliggjande celler, har kontaktepitelet ein lausare og meir open struktur med større intercellulærrom, noko som gjer det gjennomtrengeleg (permeabelt). Dette er grunnen til at ein alltid kan sjå nokre leukocyttar mellom epitelcellene. Desse vandrar gjennom epitelet (frå det underliggjande bindevevet) i retning tannkjøtlommen. Epitelcellene i kontaktepitelet har hemidesmosomar på overflata. Desse har i oppgåve å binda cellene saman og binde basalcellene til basalmembranen som igjen er bunden til tannoverflata. Sambandet mellom tannoverflata og kontaktepitelet er kalla epitelfestet.

Kontaktepitele blir fornya ved celledeling i basalcellene langs bindevevsgrensa. Herfrå beveger cellene seg gjennom to stadium mot lommeinngangen, der dei etterkvart blir avstøtta. Ved inngangen til tannkjøtlommen er epitelet ca. 20 celler tjukt, mens det ved emaljedementgrensa berre er nokre få celler tjukt. Ettersom kontaktepitelet er tynt, uforhorna og lausare i strukturen enn oralt epitel, tar det berre rundt ei veke for epitelcella å nå frå basalmembranen til overflata.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]