Kjegle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Konus)
Ei rett sirkulær kjegle og ei skeiv sirkulær kjegle

Ei kjegle eller konus er ein lekam med botn forma som ein sirkel eller ellipse og ei sideflate som smalnar inn til eit punkt på toppen. Volumet av ei kjegle finn ein ved å ganga flaten med høgda og dela svaret på tre.

Den kjegleforma vulkanen Mount Cleveland i Alaska. (Foto: M. Harbin)

Ein kan tenka seg at ei rett sirkulær kjegle blir laga av ein rettvinkla trekant som dreier seg om ei av dei rette sidene. Ei kva for helst kjegle kan òg lagast av ei linje som står stille i ein enda og går i ein sirkel eller ellipse i den andre.

Døme på kjegler er trafikkjegler, iskjeks, nokre drikkeglas (delvis) og mange vulkanar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]