Trekant
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein trekant eller ein triangel er ein figur med tre sider og tre hjørne. Summen av vinklane er 180 grader.
Trekantar kan delast i fleire typar.
- Likesida trekantar har tre like lange sider.
- Likebeina trekantar har to sider som er like lange.
- Rettvinkla trekantar har ein vinkel på 90 grader.
Arealet av ein trekant kan vi rekne ut ved hjelp av den geometriske formelen,
. Arealet er lik lengda av grunnlina gonger høgda delt på to. Høgda er kortaste avstand frå grunnlina til motståande hjørne.
Sjå òg [endre]
|
|
|
|---|---|
| Trekantar | Rettvinkla · Likesida · Likebeint |
| Firkantar | Kvadrat · Rektangel · Rombe · Parallellogram · Trapes · Drake |
| Regulære former | Trekant · Firkant · Pentagon · Heksagon · Heptagon · Oktogon · Enneagon · Dekagon · Hendekagon · Dodekagon · Triskaidekagon · Pentadekagon · Heksadekagon · Heptadekagon · Enneadekagon · Icosagon · Chiliagon · Myriagon |
| Stjerneformer | Pentagram · Heksagram |