Kopa kraftverk

Koordinatar: 62°2′0.42″N 6°23′44.41″E / 62.0334500°N 6.3956694°E / 62.0334500; 6.3956694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°2′0.42″N 6°23′44.41″E / 62.0334500°N 6.3956694°E / 62.0334500; 6.3956694

Kopa kraftverk
Foto: PeltonMan

Kopa kraftverk er eit vasskraftverk på Kalvatn i Volda kommune i Møre og Romsdal. Reguleringsmagasin er Osdalsvatnet, og reguleringshøgda er mellom 157 og 145 moh. Grøndalsvatnet vert også regulert, og her er reguleringshøgda 426 til 415 moh.

Kraftverket utnyttar eit fall på 89 meter.

Midlare årsproduksjon er på 16 GWh, og den installerte effekten er på 2.6 MW. Kraftverket starta produksjonen i 1937 og vart modernisert i 1993

Vatnet vert seinare nytta i Kolfossen kraftverk.

Eigar er Tussa Energi AS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]