Kor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For austerdelen av eit kyrkjerom, sjå Kor i arkitekturen
For bibelsk holmål, sjå Eininga kor
Det norske gutekoret Sølvguttene.

Eit kor er ei gruppe songarar som syng samstemt eller fleirstemt. Musikken dei syng blir gjerne kalla korsong. Som regel vil eit kor ha minst åtte medlemmer; mindre grupper blir gjerne kalla vokalgrupper eller songrupper.

Eit kor kan synga åleine — a cappella — akkompagnert av musikkinstrument, eller som bakgrunn til instrumentalmusikk. Songkor blir ofte leia av ein dirigent, men mindre kor kan framføra musikk utan.

Det er vanleg for kor å ha ei eller anna form for uniform.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange ulike slags kor, delt inn mellom anna etter kva slags medlemmer dei har eller kva slags musikk dei syng. Men mange kor er slik samansette at dei ikkje vil passa inn på nokre av listene.

Inndeling av kor

Generell medlemsgruppe Særskild medlemsgruppe Musikktype/funksjon

Gutekor

Studentkor

Madrigalkor

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Ved fleirstemt korsong delar ein gjerne songarane inn etter sitt stemmeleie, kalla sopran, alt, tenor og bass (av og til mezzosopran og baryton i tillegg). Ein snakkar òg om eit stemmeleie kalla gutesopran i korsamanheng, spesielt i gute- og barnekor.


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kor