Kosta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°50′45.485″N 15°23′39.296″E

Kosta glassverk på 1890-talet

Kosta er ein svensk tettstad i Lessebo kommun i Kronobergs län i Småland. I 2010 hadde tettstaden 884 innbyggjarar.[1]

Det eldste glasverk i Sverige ligg i Kosta og har vore i drift sidan 1742. Anders Koskull og Georg Bogislaus Staël von Holstein grunnla Kosta glasverk og både det og tettstaden blei kalla opp etter delar av namna Koskull og Staël.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistiska Centralbyrån (besøkt 18. juni 2013)