Kreditt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kreditt (av latin credere, «å tru») tyder at ein av partane i eit gjensidig forpliktande kontraktforhold får utsett plikta til å prestere ytinga si, i forhold til det tidspunktet avtalemotparten leverer ytinga si. Kreditt vert brukt mest som omgrep for lån av pengar, og kjøp av ting på avbetaling, slik at plikta til å betale vert utsett. I prinsippet er også førehandsbetaling ei form for kreditt, men då til fordel for seljaren av varene. Ein som yter kreditt vert gjerne kalla kreditor, medan den som mottek kreditt vert kalla debitor.

Kreditt laga i banksystemet[endre | endre wikiteksten]

Pengemengda i Noreg 1995–2009. Lilla er kreditt frå bankane, blå er eksisterande pengar.

Fraksjonsreservesystemet har gjeve bankane høve til å lage kreditt kvar gong dei gjev ut eit lån, fordi publikum i staden for å krevje pengar (kontantar), brukar bankkreditten til transaksjonar (betalingar, overføringar). Kreditt i banksystemet er bokføring hjå banken som viser kven som skuldar kven kva, og ved betalingar vert det overført kreditt frå ein konto til ein annan. Kreditt utgjer i dag omtrent 90 % av alle pengane våre (M2), samanlikna med pengar frå sentralbanken, basispengemengda (M0).

Ifølgje Basel II treng bankane berre ha kapitaldekking på minst 8 % når det gjeld utlån (laga kreditt). Viss alle kontoinnehavarane prøvde å ta ut pengane sine på ein gong, ville bankane berre kunne utbetale det dei har i kapitaldekning, og gå tomme for pengar. Heile banksystemet baserer seg på at vi ikkje vil krevje kontantar, men bruke kreditt for transaksjonane våre.

Inflasjon og deflasjon[endre | endre wikiteksten]

Fordi 90 % av det vi brukar som pengar er kreditt frå banksystemet, og fordi kreditt vert laga når banken skriv ut eit lån og sletta når lånet vert nedbetalt, er inflasjon og deflasjon hovudsakleg drive av gjeldsvekst. Om landet har auka gjeldsvekst når det gjeld produksjon av varer, vil landet oppleve inflasjon. Om total mengd lån i landet vert nedbetalt raskare enn nye lån vert tekne opp, vert resultatet deflasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]