Krigsspel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Krigsspel (eng. «wargames») er brettspel som simulerer historiske, militære konfliktar. Opphavet til krigsspela er dei simuleringane som inngår i militære stabsøvingar, men som sivil hobby dukka krigsspela fyrst opp i USA på 1960-talet. Eit særdrag ved krigsspel er at dei ofte er svært komplekse og tek lang tid å spela. Det vert lagt mykje vekt på å gjera spela historisk korrekte, og nokre spel nærmar seg historiske studiar i detaljrikdom. Internasjonalt hadde hobbyen stordomstida si på 1970- og 1980-talet. I dag er krigsspela i større grad eit nisjefenomen. Rollespel, dataspel og enklare brettspel har teke over mykje av marknaden.

Krigsspel kan klassifiserast etter periode (til dømes napoleonskrigane eller andre verdskrigen) og etter skala (taktiske trefningar eller overordna strategi).

Krigsspel kan og kallast konfliktsimulasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]