Kronobiologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oversyn over den menneskelege døgnrytmen med nokre fysiologiske parametrar

Kronobiologi er eit vitskapleg felt der ein studerer periodiske (sykliske) fenomen i levande organismar og deira tilpassing til sol- og måne-relaterte rytmar. Desse syklusane er kjende som biologiske rytmar.

Kronobiologiske studiar omfattar mellom anna komparativ anatomi, fysiologi, genetikk, molekylærbiologi og åtferda til organismar.

Den viktigaste rytmen i kronobiologi er døgnrytmen, ein syklus på ca. 24 timar som viser seg i fysiologiske prosessar hjå planter og dyr. Andre rytmar, som tidevassryten, spelar også ei viktig rolle hjå mange organismar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1960 det 25. årlege seminaret i kvantitativ biologi ved Cold Spring Harbor Laboratory i New York handla om biologiske klokker. I tiåra før hadde mange forskarar studert døgnrytmar uavhengig av einannen. Deltakarane var botanikarar, entomologar (insektforskarar), fysiologar, økologar, mikrobiologar og åtferdsbiologar, evolusjonære biologar og medisinarar. Dette møtet grunnla feltet kronobiologi; det var her desse vitskapskvinner og -menn skjønte at dei alle studerte det same fenomenet. Terminologi og metodar blei heretter samkjørde. Dei neste åra utvikla det seg to fraksjonar, èin leia av Franz Halberg som ville sjå på feltet frå ein medisinsk synsvinkel og éin leia av Colin Pittendrigh som hadde bakgrunnen sin i den evolusjonære og økologiske biologien. Pittendrigh blei valt til leiar av Society for Research in Biological Rhythms og grunnforsking på allslags organismar, plantar som dyr, følgde.[1][2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Zivkovic, Bora. Clocks in Bacteria V (English). A Blog Around the Clock. ScienceBlogs.
  2. Zivkovic, Bora. ClockTutorial #2a: Forty-Five Years of Pittendrigh's Empirical Generalizations (English). A Blog Around the Clock.