Botanikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Undersida av bregnen Dicksonia antarctica.

Botanikk eller plantelære er læra om plantar, og utgjer dermed eit fagområde innan biologi. Ulik bruk av ordet plante gjer at det ikkje er enkelt å avgrensa fagfeltet, og det er over tid og i ulike fagmiljø og -tradisjonar til varierande definisjonar. Botanikk studerer mellom anna korleis plantar veks, omformar næring, formeirer seg, utviklar seg og sjukdommar som kan råka dei. Ei hovudgrein innan botanikk er plantesystematikk.

Andre fagområde som grensar mot botanikk er studiet av bakterier (mikrobiologi), studiet av sopp (mykologi), og studiet av eincella algar (mikrobiologi, hydrobiologi). Studiet av desse livsformene som ikkje var dyr og dermed blei rekna som plantar har historisk vore ein del av botanikken. Sjølv om algar, sopp og andre «plante-liknande» livsformer i dag ikkje blir rekna for å høyra til planteriket, kan det likevel skje at botanistar og innføringar i botanikk tar dei for seg.

Som i andre greiner av biologi kan ein studera plantar på mange ulike nivå. Ein kan ta for seg dei molekylære, genetiske eller biokjemiske eigenskapane; ein kan sjå på organellar, celler, vev, organ, individ, plantebestandar eller plantesammfunn. Ved hjelp av desse studia kan botanikarar finna ut meir om klassifiseringa (taksonomi), strukturen (anatomi) og funksjonen (fysiologi) til plantane.

Kvifor studera planter?[endre | endre wikiteksten]

Maiskolbar med genforskjellar som gjev dei ulik farge. Foto: Mylene D´Auriol for Promperú.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire grunnar til å prøva å finna ut mest mogleg om plantar. Botanikk er bokstaveleg talt svært matnyttig. Så godt som all maten me et kjem opphavleg frå plantar, anten direkte eller som fôr til dyr. Å dyrka fram produktive plantar som kan stå imot åtak frå sjukdom og skadedyr er ein viktig jobb for botanikarar. Å forska på ugras kan hjelpa oss å forstå og dermed avgrensa det.

Vitskap[endre | endre wikiteksten]

Planter er greie organismar å forska på dersom ein ønskjer å finna ut meir om grunnleggjande biologiske prosessar. Det er lett å kontrollera omgjevnadane til forsøksplantar, og dei gjev ikkje dei same etiske dilemma som forsøk på dyr og menneske.

Gjennom å studera plantar har ein mellom anna funne ut meir om celledeling og proteinsyntese. Gregor Mendel brukte erter til å utføra banebrytande forsking om arvelære på nittenhundretalet, medan Barbara McClintock oppdaga hoppande genar i mais rundt 1940.

Medisin og material[endre | endre wikiteksten]

Pollen under eit mikroskop. Pollen kan påverka dagssituasjonen for allergikarar, men òg fortelja arkeologar om tidlegare tider.

Plantar kan gje oss mat, men òg medisinar og andre sterke stoff. Aspirin, koffein, cannabis og nikotin er alle stoff som finst naturleg i nokre plantar. Ein bruker plantar til å laga stimulerande drikkar, som te, kaffi, kakao og alkohol i mange ulike former. Botanikken kan hjelpa til med å finna nye stoff som kanskje kan brukast til medisin eller andre føremål.

Ein kan bruka plantar til å laga ulike material, som bomulls- og linstoff, papir, tau, gummi, kork og sjølvsagt trevyrke. Ein kan òg bruka produkt som sukkerrøyr eller planteolje som drivstoff heller enn ureinande fossile brennstoff. Igjen prøver botanistar å utvikla plantane og bruksmåtane deira til gode for menneska.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Botanikk kan brukast til å studera endringar i miljøet, både no og tidlegare. Mellom anna kan lav, som er sensitive til endringar i atmosfæren, brukast til å varsla om ureining i lufta. Pollen sleppt ut for tusenvis eller millionar av år sidan kan fortelja noko om korleis klimaet var då og kva folk eventuelt gjorde med omgjevnadane sine.

Biologi
anatomi | astrobiologi | biokjemi | bioinformatikk | botanikk | cellebiologi | evolusjonsbiologi | fysiologi | genetikk | genomikk | humanbiologi | marinbiologi | mikrobiologi | molekylærbiologi | opphavet til livet | paleontologi | parasittologi | taksonomi | utviklingsbiologi | zoologi | økologi