Kronprins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
for den norske filmen frå 1979, sjå Filmen Kronprinsen

Kronprins er i Noreg, Danmark og Sverige tittelen på ein prins som står først i arvefølgja til kongetrona. Den kvinnelege tilsvarande tittelen er kronprinsesse, men denne tittelen blir også brukt av kronprinsen sin ektefelle.

Kronprinsen si rettslege stilling[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er kronprinsen si rettslege stilling regulert i Grunnlova.

Ordet kronprins er ikkje brukt i Grunnlova, den brukar berre orda prinsar og prinsesser, men § 34 seier følgjande: «Kongen giver Bestemmelser om Titler for dem som til Kronen ere arveberettigede.»

Dei viktigaste reglane i Grunnlova er elles at §§ 35, 36 og 41:

§ 35 seier at «Saasnart Tronarvingen har fyldt sit 18de Aar, er hun eller han berettiget til at tage Sæde i Statsraadet, dog uden Stemme eller Ansvar.»

Det er ikkje sikkert at det er så mykje realitet i første setninga i § 36, og resten av § 36 er vel også truleg gått ut på dato:

«En til Norges Krone arveberettiget Prinsesse eller Prins maa ei gifte sig uden Kongens Tilladelse. Ei heller maa hun eller han modtage nogen anden Krone eller Regjering uden Kongens og Storthingets Samtykke; til Storthingets Samtykke udfordres to Trediedele af Stemmerne. Handler hun eller han herimod, taber Vedkommende saavel som Efterkommerne Retten til Norges Trone.»

§ 41 har derimot praktisk realitet:

«Er Kongen fraværende fra Riget uden at være i Feldt, eller er han saa syg, at han ikke kan varetage Regjeringen, skal den til Tronen nærmest Arveberettigede, saafremt han har opnaaet den for Kongen fastsatte Myndighedsalder, forestaa Regjeringen som Kongemagtens midlertidige Udøver. I modsat Fald forestaar Statsraadet Rigets Bestyrelse.»

Kronprins Haakon var såleis Kronprinsregent eit års tid då Kong Harald var sjuk.

Tilsvarande titlar i andre land[endre | endre wikiteksten]

Rundt om i verda har ein hatt liknande titlar i andre kongehus. Til dømes brukar ein i Storbritannia tittelen «Prinsen av Wales» om den fremste tronarvingen.

Kronprins i overført tyding[endre | endre wikiteksten]

Ordet kronprins blir også brukt i overført tyding, om nokon som står som den første i rekka til å skulle få eller oppnå ei stilling, ein posisjon eller eit verv, antan dette gjeld i yrkeslivet, i organisasjonar, i politikk, eller i idrett og sport. Det vil då i praksis kunne variere om "kronprinsen" verkeleg oppnår posisjonen, eller om dette ikkje slår til.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Den norske tronfylgja

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Grunnlova del B