Kursiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Finale» skrive med rette, oblike og kursive bokstavar.

Kursiv er ein måte å skriva latinske bokstavar på der bokstavane heller mot høgre og sit tettare saman enn elles. Skrifta er danna etter italienske handskrifter frå renessansen. Ho blei først teken i bruk som trykkeskrift og spreidd i Europa av Aldus Manutius. Innan typografi skil ein mellom ekte kursiv, ein skrifttype utvikla for å skriva i kursiv, og rette bokstavar som er skråstilte elektronisk.

Kursiv var ein handskrifttype som utvikla seg i Italia parallelt med antikvaskrift. Denne typen var raskare å skriva og bokstavane tok mindre plass enn rett skrift. To skrifttradisjonar fekk særleg stor tyding for seinare trykt kursiv: Humanistisk kursivskrift og paveleg kanselliskrift. Humanistisk kursiv frå kanselliet til Petrarca var utgangspunkt for Francesco Griffo, som skar typane i aldinsk kursiv for Aldus Manutius. Kanselliskrift (cancelleresca) blei utvikla av Ludovico Arrighi til det pavelege kanselliet. Ho blei brukt av skrivemeistrar som Giovanni Palatino og Antonio Blado, og blei også brukt som utgangspunkt for trykt kursiv i Europa.

Opphavleg trykte ein heile bøker i kursiv. På 1500-talet tok ein i bruk kursiv og antikvaskrift i same bok, men først i fråskilde delar av boka. Etterkvart brukte ein dei også i same tekst, før kursiv fekk sin noverande rolle som framhevande skrift. Kursive versalar (store bokstavar) blei utvikla i 1524; før dette hadde ein brukt rette versalar framfor kursive minusklar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kursiv
  • kursiv. Utvikling og bruk ved typografi.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]