Bok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For treslaget, sjå bøk.
Out of print books.jpg

Bok (frå norrønt bók [1]) er ei samanbinding av fleire blad av papir, pergament eller anna eigna materiale. Materialet er samanføyd langs ei side, ryggen, og som regel innbundi i eit meir robust materiale. Den som skriv ut ei bok blir kalla ein forfattar, den som gjev henne ut, ein utgjevar.

I overført tyding kan au bok vera eit litterært verk, eller delar av eit verk (til dømes Ringdrotten, fyrste bok, eller Fyrste Mosebok).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Boka blei det viktigaste mediet i dei første århundra etter Kristus, då ho avløyste bokrullar i Europa. Nøyaktig kva tid ho oppstod er ukjend; det er blitt hevda at Julius Cæsar bretta rullane han skreiv om Gallarkrigene til ei slags bok i trekkspelform. Bøker er lettare å lagra og transportera enn rullar. Talet på bøker ein laga blei likevel avgrensa av det kostbare materiellet og arbeidsinnsatsen som skulle til for å laga dei. Forseggjorte, handskrivne manuskript blei hovudsakleg laga av munkar for rike arbeidsgjeverar, som kyrkja eller føydalherrar.

Ved midten av 1400-talet tok ein i brukt blokktrykking i Europa. Teknikken går ut på å skjera ut eller gravera inn ei hel side på ei tre- eller metallblokk, og så trykka sida ut frå denne. Dette gjorde det noko lettare å laga fleire kopiar av kvar side; men framleis var boklaging ein arbeidskrevjande prosess.

Etter at Johann Gutenberg fann opp ein metode der ein kunne trykka med utskiftbare typar blei det lettare å masseprodusera bøker. Medan bøker tidlegare hadde høyrt til dei rike og mektige blei det no etter kvart mogleg for vanlege folk å eiga dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]