Kurt Aust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurt Aust

Statsborgarskap Kongeriket Danmark, Noreg
Fødd 6. desember 1955 (68 år)
Ikast
Yrke skribent, manusforfattar
Språk norsk
Ektefelle Kin Wessel
Kurt Aust på Commons

Kurt Aust (psvd. for Kurt Østergaard) (fødd 6. desember 1955 i Ikast i Danmark) er ein dansk forfattar og frilansskribent. Han er utdanna pedagog, og har vore busett i Noreg frå 1982 og skriv på norsk.[1] Aust debuterte som forfattar i 1999.

Aust skriv historisk krim frå Danmark-Noreg kring byrjinga av 1700-talet. Hovudpersonar er professor Thomas af Boueberge ved Københavns Universitet og hans dr. Watson, den mindre geniale nordmannen Petter Hortten. Romanane har fleire handlingar. Det eine er kriminalsaka som dei skal løyse. Det andre er Petter Horten sin bakgrunn, som ikkje vert avslørt før enn langt ut i serien. Det er også andre hendingar, som går over fleire bøker. Eit anna grep som Kurt Aust bruker, er at Petter Hortten skriv ned desse fortellingane fleire tiår etter at hendingane skjedde. Han fortel til folk, på sine gamle dagar, om opplevingane i frå ungdomen då han var i teneste med professoren. Vredens dag har gått som høyrespel i Radioteateret med Nils Ole Oftebro som Thomas af Boueberge.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Slaveskipet Fredensborgteikneserie (1997) (Saman med Kin Wessel og Leif Salvesen)
  • Vredens dagkriminalroman (1999)
  • Den tredje sannhet – kriminalroman (2001)
  • Hjemsøkt. Nest etter Gud – kriminalroman (2003)
  • Kongefrykt – kriminalroman (2004)
  • De usynlige brødre – kriminalroman (2006)
  • Kasper & Måns. Den store kaosdagen – barnebok (2006) (saman med Kin Wessel)
  • De usynlige brødre – kriminalroman (2006)
  • Løvøyspillet – historisk spel (2006)
  • Kaos og Øyeblikkets renhet – roman (2008)
  • Hevnens alkymi – kriminalroman (2009)
  • Symboler & demoner : en guide til Dan Browns Det tapte symbol : fakta og fascinerende funn – (2009)
  • Når døde hvisker – kriminalroman (2011)
  • Stumme skrik – kriminalroman (2013)
  • Dødt løp– kriminalroman (2015)
  • Skipet med det onde øye – kriminalroman (2017)
  • Quiz og grøss – Sakprosa, quizbok saman med Tom Egeland (2018)
  • Udyr – thriller, samen med Kin Wessel (2018)
  • Hjertets mørke – kriminalroman (2020)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «- Veien blir til mens jeg skriver». Gjengangeren. 5. desember 2015. s. 20. «- Det tror jeg ikke. Jeg vil nok fortsatt være en av de største Norges-entusiastene med dansk pass og statsborgerskap, smiler den blide jyde med et blikk som nå fylles av lune frikadeller.»
  2. ««Priser til Kurt Aust og Demian Vitanza»». Nettstaden til Den norske Forfatterforening. 16. januar 2012. Henta 30. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]