1700-talet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Verdskart frå 1756 av tyrkiske İbrahim Hakkı Erzurumi.

< 1700-talet > viser til hundreåret frå 1700 til 1799 i den julianske og den gregorianske kalenderen.

Konfliktar og tankeretningar fekk verdsomspennande følgjer i dette hundreåret, der opplysingstida gav støytet til den amerikanske og den franske revolusjonen, europeiske stormakter som Frankrike og Storbritannia kjempa om herredømet både i Europa og koloniområda i Amerika og Asia. Nye religiøse retningar og «oppvaknignar» som metodisme og First Great Awakening fann stad i Europa og USA på 1700-talet.

Inokulasjon mot sjukdom blei innført frå Austen til Europa, og den første vaksinen blei utvikla av Edward Jenner i 1796.

Europa[endre | endre wikiteksten]

Storminga av Bastillen og fallet av det franske monarkiet fann stad mot slutten av 1700-talet.

Den spanske arvefølgjekrigen 1701-1714 rørte store delar av Europa. Den polske arvefølgjekrigen (1733-1738) råka Polen, Rhinland og Nord-Italia. Den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748) og sjuårskrigen (1756–1763) omfatta nesten alle stormaktene i Europa.

Storbritannia, som var blitt danna gjennom ein union mellom England og Skottland i 1707, mista herredømet over USA, men blei likevel ei stormakt gjennom å ha sigra over Frankrike i Amerika og gjennom koloniar i India, Sør-Afrika og Australia. England fekk sine første dagsaviser i byrjinga av hundreåret med The Daily Courant og The Norwich Post. South Sea-bobla, ei tidleg finansboble, sprakk i 1720 og ruinerte mange britar. Det britisk-styrte Irland opplevde ein hungersnaud som drap rundt ein tidel av innbyggjarane.

Russland tok over frå Sverige som den viktigaste makta i Baltikum etter Den store nordiske krigen 1700-21. Peter den store reformerted kyrkja i 1721 og oppheva slaveriet i 1723 — slavane blei i staden liveigne.

Kongedømet Preussen oppstod i 1701 og voks gjennom Dei schlesiske krigane og Delingane av Polen. Hungersnaud i Aust-Preussen i 1708-09 drap ein tredel av innbyggjarane.

Camisard-opprøret mot fransk undertrykking av hugenottane fann stad i Frankrike frå 1702 til 1715. Rákóczi-opprøret mot Habsburg-styret fann stad i Ungarn frå 1703 til 1711. Kosakkopprøret, det største bondeopprøret i Russland stad, utspelte seg i 1774-75. Den franske revolusjonen, som gjorde Frankrike til republikk, braut ut i 1789. Det irske opprøret i 1789 klarte ikkje å gjera slutt på det britiske styret.

Jordskjelvet i Lisboa i 1755 drap tusentals og fekk innverknad på politikk, kunst og filosofi.

Asia[endre | endre wikiteksten]

Kart over India som viser delane som formelt var under britisk styre i 1783.

Første Saudi-staten blei grunnlagd i 1744 av Mohammed Ibn Saud.

Safavid-dynastiet enda då afghanarar erobra Iran i 1722. I 1736 tok Nadir sjah tittelen som sjah av Persia og grunnla afsjaridedynastiet. I 1739 gjekk sjahen inn i Mogul-hovudstaden Delhi. Mogulriket hadde gått inn i ei nedgangstid frå stormogulen Aurangzeb døydde i 1797.

Britisk India var i ferd med å dannast ettersom britane fekk stadig større innpass i Sør-Asia. Bengal var kome under styret til Det britiske austindiakompaniet og blitt plyndra etter slaget ved Plassey i 1757. På 1770-talet leid området under ein hungersnaud som drap ein tredjedel av innbyggjarane i Bengal og naboområdet Orissa. Storbritannia utkjempa fleire krigar mot Mysore-riket, leidd av Haider Ali og Tipu Sultan. Dei karnatiske krigane omfatta Storbritannia, Frankrike og Marathariket mellom 1744 og 1763. Britane tok kontroll over Ceylon (Sri Lanka) frå nederlenderane i 1796.

Det burmesiske Konbaung-dynastiet erobra Ayutthaya-riket i 1767.

Gorkhaer erobra Nepal i 1768.

Kina under Qianlong-keisaren (regj. 1735-1799) utvida territoriet sitt kraftig. Kvit lotus-opprøret byrja i 1796.

Amerika[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776 førte til ein krig mot Storbritannia som gav USA sjølvstende.

Los Angeles blei grunnlagd av spanjolar og New Orleans av franskmenn. Ein traktat mellom USA og Spania overførte Mississippi-territoriet til USA i 1795.

Provinsen Øvre Canada forbaud slaveri i 1793.

Afrika[endre | endre wikiteksten]

Afrikansk landsby, illustrasjon til Antoine-François Prevost d'Exiles si reiseskildring frå 1749–1758.

Sahel opplevde hungersnaud i 1738-1756, halvparten av innbyggjarane i Timbuktu døydde.

Fulaniar tok til å grunnleggja mange mindre statar i Vest-Afrika.

Krigar mellom europeiske innvandrarar og xhosaer som byrja i Sør-Afrika i 1779 skulle vara fram til 1879.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: 1700-talet
<   1700-talet   >

< 1700 | 1701 | 1702 | 1703 | 1704 | 1705 | 1706 | 1707 | 1708 | 1709 | 1710 | 1711 | 1712 | 1713 | 1714 | 1715 | 1716 | 1717 | 1718 | 1719 | 1720 | 1721 | 1722 | 1723 | 1724 | 1725 | 1726 | 1727 | 1728 | 1729 | 1730 | 1731 | 1732 | 1733 | 1734 | 1735 | 1736 | 1737 | 1738 | 1739 | 1740 | 1741 | 1742 | 1743 | 1744 | 1745 | 1746 | 1747 | 1748 | 1749 | 1750 | 1751 | 1752 | 1753 | 1754 | 1755 | 1756 | 1757 | 1758 | 1759 | 1760 | 1761 | 1762 | 1763 | 1764 | 1765 | 1766 | 1767 | 1768 | 1769 | 1770 | 1771 | 1772 | 1773 | 1774 | 1775 | 1776 | 1777 | 1778 | 1779 | 1780 | 1781 | 1782 | 1783 | 1784 | 1785 | 1786 | 1787 | 1788 | 1789 | 1790 | 1791 | 1792 | 1793 | 1794 | 1795 | 1796 | 1797 | 1798 | 1799 >