Kuruş

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tyrkisk 50-kuruşmynt.

Kuruş (avleidd frå tysk Groschen) er ei tyrkisk mynteining, tidlegare brukt i Osmanarriket. Det går hundre kuruş på éin tyrkisk lira. Mynten blei overflødig på grunn av hyperinflasjonen som oppstod i Tyrkia på 1970-talet, men gjeninnført etter at liraen blei devaluert i 2005.

I Osmanarriket var gurûş (غروش) hovudmynteininga fram til 1844, då liraen blei innført. Han var delt inn i 40 para (پاره), og det gjekk 3 akçe på kvar para.

På andre europeiske språk blei kuruşmynten ofte kalla piastre, etter italienske piastra. På Kypros kalla grekarane han grosi (γρόσι), noko dei fortsette å kalla 5-mill-myntar etter innføringa av pund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]