Tyrkia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Türkiye Cumhuriyeti

(norsk: Tyrkia, tyrkisk)

Det tyrkiske flagget Det tyrkiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Istiklâl Marsi»
Motto Yurtta Sulh, Cihanda Sulh (tyrkisk: Fred heime, fred i verda)
Geografisk plassering av Tyrkia
Offisielle språk Tyrkisk
Hovudstad Ankara
Styresett
Republikk
Abdullah Gul
Recep Tayyip Erdoğan
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
783 562 km² (36.)
1,3 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2000)
 – Tettleik
 
79 749 461 (17.)
67 844 000
101,8 /km² (82.)
Erklæring
av republikken

29. oktober 1923
Nasjonaldag 29. oktober
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
958 300 mill. USD (16.)
12 300 USD (74.)
Valuta Tyrkisk lira
Tidssone UTC +2
Telefonkode +90
Toppnivådomene .tr


Tyrkia (tyrkisk Türkiye), offisielt Republikken Tyrkia, er ein stat i det søraustlege Europa og vest i Asia. Det grensar til Bulgaria og Hellas i vest, Georgia, Armenia og Aserbajdsjan (eksklaven Nakhtsjivan) i nordaust, Iran i aust, og Irak og Syria i søraust. Middelhavet og Kypros ligg i sør, Egearhavet i vest og Svartehavet i nord. Marmarahavet, Dardanellane og Bosporos skil den europeiske og asiatiske delen av Tyrkia frå kvarandre.

Det offisielle språket er tyrkisk, og landet har i lang tid undertrykt minoritetsspråket kurdisk. Innbyggjarane i landet er stort sett muslimar, og det finst sterke spenningar mellom det sekulære styret og islamistar.

Landet ligg i eit møtepunkt mellom fleire kulturar, og har historisk blitt påverka både frå Europa (til dømes gjennom Hellas i antikken) og Asia (gjennom Persia). Landet var òg ein del av Silkevegen. Oghuz-tyrkiarar starta å flytte til området ein i dag kallar Tyrkia på 1000-talet. Denne prosessen auka då seldsjukkane vann over Austromarriket i slaget ved Manzikert.[1] Fleire mindre beylikar og seldsjukk-sultanatet Rûm styrte Anatolia fram til den mongolske invasjonen. Frå 1200-talet samla den osmanske beyliken Anatolia og skapte eit rike som dekte det meste av Søraust-Europa, Vest-Asia og Nord-Afrika. Det osmanske riket kollapsa etter nederlaget deira i første verdskrigen, og delar av det vart okkupert av dei allierte. Ein kader av unge offiserar, leia av Mustafa Kemal Atatürk og kollegaene hans, organiserte ein suksessrik motstand mot dei allierte, og i 1923 grunnla dei den moderne Republikken Tyrkia med Atatürk som den første presidenten.

Hæren har mykje makt i Tyrkia, og militære offiserar har ved to høve (i 1960 og 1980) starta kupp mot styresmaktene. Dette har samanheng med den sterke posisjonen som Atatürk enno har i tyrkisk kultur.

Tyrkia har i aukande grad vorte integrert i Vesten gjennom medlemskap i organisasjonar som Europarådet, NATO, OECD, OSCE og G-20-landa. Tyrkia byrja forhandlingar om fullt EU-medlemskap i 2005 etter å ha vore ein del av EØS sidan 1963. Tyrkia har òg hatt nære kulturelle, politiske, økonomiske og industrielle band til Midtausten og dei tyrkiske statane i Sentral-Asia, samt afrikanske land, gjennom medlemskap i organisasjonar som Det tyrkiske rådet, TÜRKSOY, Organisasjonen for islamsk samarbeid og Economic Cooperation Organisation.

Plasseringa til Tyrkia mellom Europa og Asia har gjeve land ei viktig strategisk plassering.[2][3][4] På grunn av den strategiske plasseringa, den sterke økonomisen og militærstyrken, er Tyrkia ei stor makt i regionen.[4][5]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Tyrkisk geografi.
Topografisk kart over Tyrkia

Tyrkia er eit transkontinentalt[6] eurasiatisk land. Det asiatiske Tyrkia (som hovudsakleg består av Anatolia) utgjer 97 % av landet og er skild frå det europeiske Tyrkia med Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane (som i lag dannar vassvegen mellom Middelhavet og Svartehavet). Europeisk Tyrkia (aust Thrakí eller RumeliaBalkanhalvøya) utgjer 3% av landet.[7]

Skorsteinane i Kappadokia

Tyrkia måler 1600 km frå vest til aust og 800 km frå nord til sør og har ei grov rektangulær form.[8] Det ligg mellom 35° og 43 °N og 25° og 45 °E. Med innsjøar har Tyrkia eit areal på 783 562[9] kvadratkilometer med 755 688 kvadratkilometer i Sørvest-Asia og 23 764 kvadratkilometer i Europa.[8] Tyrkia er det 37. største landet i verda etter areal.

Anatolia, består av eit høgtliggande sentralt platå med smale kystsletter mellom Köroğlu og Dei pontiske fjella i nord og Taurusfjella i sør. Aust-Tyrkia er meir dominert av fjell og kjeldene til elvane Eufrat, Tigris og Aras ligg her, og det same gjer Ararat, det høgaste punktet i Tyrkia med 5137 meter over havet,[10][11] og Vansjøen, den største innsjøen i landet.

Tyrkia er delt inn i sju regionar: Marmararegionen, Egearregionen, Svartehavsregionen, Sentral-Anatolia, Aust-Anatolia, Søraust-Anatolia og Middelhavsregionen. Den kuperte terrenget nord i Anatolia går langs Svartehavet i elt langt, smalt belte. Denne regionen utgjer omtrent ein sjettedel av det totale landområdet til Tyrkia.

Ararat frå Iğdır i Tyrkia.

Det varierte landskapet til Tyrkia kjem av komplekse rørsler i jorda som har forma regionen over tusenvis av år. Ein merkar framleis desse kreftene i form av mange jordskjelv og stundom vulkanutbrot. Bosporos og Dardenallane har oppstått som følgje av forkastingar som går gjennom Tyrkia.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kystområda i Tyrkia mot Egearhavet og Middelhavet har eit temperert middelhavsklima med varme, tørre somrar og kjølige, våte vintrar. Kystområda mot Svartehavet har eit temperert maritimt klima med varme, våte somrar og kjølige til kalde, våte vintrar. Den tyrkiske svartehavskysten får dei største nedbørmengdene i landet og er den einaste regionen i Tyrkia som får nedbør fordelt over heile året. I austlege kystområde fell det 2500 mm i året, som er det høgaste i landet.

Kystområda av Tyrkia mot Marmarahavet (inkludert Istanbul), som knyt saman Egearhavet og Svartehavet, har eit overgangsklima mellom eit temperert middelhavsklima og eit temperert maritimt klima med varme til heite og moderat tørr somrar og kjølige til kalde, våte vintrar. Ein kan få snø i kystområda av Marmarahavet og Svartehavet nesten kvar vinter, men han ligg sjeldan meir enn nokre få dagar. Snø er derimot sjeldan i kystområda ved Egearhavet og særs sjeldan i kystområda ved Middelhavet.

Tilhøva er mykje hardare i det tørre indre. Fjella nær kysten hindrar Middelhavslufta frå å påverke det store innlandsområdet, slik at det sentrale Anatolia i Tyrkia har eit kontinentalklima med store variasjonar mellom årstidene.

Vintrane på platået er harde. Temperaturar på −30 til −40 °C skjer stundom aust i Anatolia, og snøen kan ligge på bakken minst 120 dagar av året. I vest er vintertemperaturane i snitt under 1 °C. somrane er heite og tørre, med temperaturar vanlegvis over 30 °C på dagtid. Den normale årsnedbøren er kring 400 millimeter, men dette varierer med høgda. Dei tørraste områda er Konyasletta og Malatyasletta, der det kjem mindre enn 300 millimeter i året. Mai er generelt den våtaste månaden, medan juli og august er dei tørraste.[12]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom det første tusenåret før vår tidsrekning var området møteplass mellom den greske kulturen langs kysten og persarane, som gjorde stadige innfall i Litleasia frå aust, og i lange periodar beherska innlandet.

Etter Alexander den store blei store delar av Litleasia hellenisert, heilt fram til romerske keisarar underla seg området i løpet av dei to første hundreåra f.v.t. Ved den kristne keisar Konstantin den store si flytting av den romerske hovudstaden til Konstantinopel i 330 e.v.t. blei området sentrum både for det austromerske (bysantinske) riket og for heile kristenheita.

I det 11. hundreåret melde det sentralasiatiske ryttarfolket tyrkarane seg, og i dei følgjande hundreåra blei området ei slagmark mellom det kristne Bysants og de muslimske arabarane og tyrkarane. Omkring år 1300 blei det muslimske osmanske (ottomanske) riket grunnlagt, eit rike som skulle herske over territoriet i sju hundreår, og som i sine glansdagar på 1500-talet strekte seg frå Donau til Arabiabukta og Nord-Afrika.

Det osmanske riket høyrde til taparane etter første verdskrigen, og stod i fare for å bli stykka opp av sigerherrane, da Mustafa Kemal Atatürk reiste ei nasjonal rørsle og fekk oppretta den moderne republikken Tyrkia i 1923. Under krigen skjedde det eit omfattande massedrap på den armenske delen av befolkninga i området.

Trass i periodar med tilbakeslag i form av militærstyre og diktatur på 1970- og 1980-talet, har Tyrkia hatt ei økonomisk og demokratisk utvikling som gjer at landet kan vere aktuelt som medlemsland i EU. Men det er framleis problem, til dømes med korleis den kurdiske minoriteten i landet blir behandla.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet i Tyrkia er ei innvikla blanding av moderne handel og industri og ein tradisjonell jordbrukssektor, som i 2001 framleis sysselsette 40 % av arbeidstakarane. Landet har ein sterk privat sektor i vekst, men staten speler òg ein viktig rolle i grunnleggjande industriar, kommunikasjonar og bankvesen.

Utrekningar har estimert av halvparten av folket lever under det internasjonale fattigdomsnivået, særleg i dei krigsherja kurdiske områda i søraust.

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Sidan slutten av 1800-talet har Tyrkia særleg orientert seg mot vest. På eit toppmøte i EU i desember 2004 blei det opna for forhandlingar med sikte på medlemskap for Tyrkia. EU krev mellom anna at Tyrkia utviklar demokratiet og at ein finn fram til ei løysing på problemet med Kypros, der det i dag finst éin internasjonalt anerkjend stat (den «greske» delen av øya), som Tyrkia nektar å anerkjenna som sjølvstendig stat, og éin tyrkisk del, kalla Nord-Kypros, som ingen andre nasjonar enn Tyrkia anerkjenner som ein eigen stat. -............-...................-..........

Tyrkia i dag[endre | endre wikiteksten]

Etter at AKP (Adalet ve Kalkinma Partisi-Rettferd og Velferdspartiet) kom til regjeringsmakta i 2003 har landet hatt ein økonomisk vekst utanom det vanlege. Inflasjonen har gått bakover, og AKP, kjend for å ha muslimske røter, har ført landet nærmare EU. EU-forhandlingane har formelt starta i 2005, men det er ennå ikkje kjent om Tyrkia kjem til å bli medlem. Mange i EU er skeptiske til Tyrkia, mellom anna fordi landet har ein bakgrunn som inneheld systematiske brot på menneskerettane (sjå Utanrikspolitikk).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Turkey – Turkish Origins». Countrystudies.us. http://countrystudies.us/turkey/5.htm. Henta 2011-05-16. 
  2. Mango, Andrew (2000). Atatürk. Overlook. ISBN 1-58567-011-1. 
  3. Shaw, Stanford Jay; Shaw, Ezel Kural (1977). History of the Ottoman Empire and Modern Turkey; Vol.1, Empire of the Gazis. the rise and decline of the Ottoman Empire, 1280–1808. Cambridge University Press. ISBN 0-521-29163-1. 
  4. 4,0 4,1 «Turkey and Russia on the Rise». Stratfor. 2009-03-17. http://www.stratfor.com/weekly/20090317_turkey_and_russia_rise. Henta 17. august 2012. 
  5. «Can Turkey Be a Source of Stability in the Middle East?». heptagonpost.com. 2010-12-18. http://www.heptagonpost.com/Dessi/can_turkey_be_a_source_of_stability_in_the_middle_east. Henta 17. august 2012. 
  6. Immerfall, Stefan (2009-08-01). Handbook of European Societies: Social Transformations in the 21st Century. Springer. ss. 417–. ISBN 978-0-387-88198-0. 
  7. «Turkey». Turkish Odyssey. 2000-02-02. http://www.turkishodyssey.com/turkey/turkey.htm. Henta 17. august 2012. 
  8. 8,0 8,1 US Library of Congress. «Geography of Turkey». US Library of Congress. http://countrystudies.us/turkey/18.htm. Henta 17. august 2012. 
  9. «UN Demographic Yearbook, accessed April 16, 2007» (PDF). http://unstats.un.org/unsd/demographic/products/dyb/DYB2004/Table03.pdf. Henta 17. august 2012. 
  10. Turkish Ministry of Tourism (2005). «Geography of Turkey». Turkish Ministry of Tourism. http://www.turizm.net/turkey/info/geography.html. Henta 17. august 2012. 
  11. NASA – Earth Observatory (2001). «Mount Ararat (Ağrı Dağı), Turkey». NASA. http://earthobservatory.nasa.gov/Newsroom/NewImages/images.php3?img_id=4996. Henta 17. august 2012. 
  12. Turkish State Meteorological Service (2006). «Climate of Turkey». Turkish State Meteorological Service. Arkivert frå originalen den 2007-01-10. http://web.archive.org/web/20070110140758/http://www.meteor.gov.tr/2006/english/eng-climateofturkey.aspx. Henta 17. august 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tyrkia