Kvalifisert fleirtal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kvalifisert fleirtal i ei avrøysting er ein så stor del av røystene som avrøystingsreglementet krev, ofte 2/3 eller ¾ fleirtal.

Til dømes kan ein organisasjon har vedtekter som krev to tredels fleirtal dersom vedtektene skal endrast.

For å endre Grunnlova, vert det kravd at to tredjedelar av representantane er til stades, dessutan må to tredelar av røystene støtte framlegget. For å tillate overnasjonal styring på sakleg avgrensa område, krevst det i avrøystinga støtte frå minst tre fjerdedelar av det avgjevne røystene. [1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]