Simpelt fleirtal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Simpelt fleirtal, eller relativt fleirtal, har det framlegget som har fått flest røyster i ei avrøysting, men ikkje nødvendigvis meir enn halvparten av røystene.

I kommunestyre kan tilsetjingar og personval verte avgjorte ved simpelt fleirtal i ein annan valomgang, om ingen av kandidatane får alminneleg fleirtal i første valomgang.

I Stortinget nyttast relativt fleirtal ved oppteljing av skriftlege røyster ved personval, unntatt ved val av presidentar og sekretærar, som vert gjort ved alminneleg fleirtal.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]