Kvarnbergsvattnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vikens kapell ved Kvarnbergsvattnet.

Kvarnbergsvattnet er ein innsjø i Strömsund kommun i Jämtland i Sverige. Innsjøen ligg mellom grensa mot Noreg og Gäddede. Han har eit overflateareal på 57-68 km², ligg 303-313 meter over havet, og er ein del av Ströms Vattudal. Langs breidda av innsjøen ligg, forutan tettstaden Gäddede, Lövvik, Rydning, Havdarstången, Bränna, Viken, Mon, Sandnäset, Kyrkbollandet og Lermon. Mange av innbyggjarane som kom til området på 1700-talet, var nordmenn.

Namnet Kvarnbergsvattnet kjem frå Kvarnstensberget, der det i eldre tider vart brote Kvernstein. Innsjøen vart regulert første gong i 1940, og permanent frå 1950.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]