Gäddede
Koordinatar: Gäddede er ein svensk tettstad i Strömsunds kommun i Jämtlands län, i landskapet Jämtland. I 2005 hadde tettstaden 456 innbyggjarar. Gäddede ligg i sørenden av Kvarnbergsvattnet.
Staden er mellom anna kjend for den djupaste canyonen i Sverige, 800 meter lang, med den 43 meter høge fossen Hällingsåfallet, den største snøscooteren i verda, det lengste scooterhoppet i verda og det særprega fjellandskapet.
Gjedde kjem ikkje lengre enn hit opp, derav namnet Gäddede.
Det blei brote glimmer i Gäddede i 1940-åra. Glimmer blei då brukt i el-industrien.
Den lengste grotta i Sverige, Korallgrottan, ligg i nærleiken av Ankarvattnet, 448 moh. i Leipiälven, og rett nord for Stora Blåsjön. Grotten blei oppdaga så seint som 1985. Hittil er seks kilometer gangar utforska. Dermed er ho den lengste grotta i Sverige. Det er ikkje høve til å vitje Korallgrottan utan følgje med guide.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Gäddede» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juli 2012.