Kvitt hòl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Kvitt hòl

Eit kvitt hòl er eit teoretisk område i romtida der korkje lys eller materie kan koma inn, mer derimot kan koma bort frå. Såleis har det motsette eigenskapar av eit svart hòl.

Eit kvitt hol er ei matematisk løysning av likningar i relativitetsteorien til Einstein, men ein kjenner ikkje til mekanismar i røyndomen som kan skapa kvite hòl, og kvite hòl er heller ikkje observerte.

I teorien kan svarte og kvite hòl ha eit samband gjennom eit såkalla makkhòl – ein slags tunnel gjennom romtida. Materie som fell ned på det svarte hòlet, kjem ut av det kvite hòlet etter ei ferd gjennom makkhòlet. Utrekningar viser derimot at ein slik situasjon er særs ustabil.

Reint matematisk kan eit kvitt hol oppfattast som eit svart hol der tida går baklengs. Det henge saman med att relativitetsteoriens fysiske lovar er dei same, uansett korleis veg tida går. Men i en virkeleg verd, er det ikkje berre éin naturkraft, som til dømes tyngdekrafta, som har innflytelse.

Enkle hendingar i kvardagen visar att vi ikkje kan snu tidens gong: Mistar vi eit egg i golvet, går det i stykker – vi har gått frå orden til uorden. I den virkelege verda utviklar prosessane alltid seg slik att det er den totale mengda uorden som veks. Difor sjår vi aldri den motsatte prosessa, til dømes att eit knust egg blir heilt att – eller at tida begynjer å gå baklengs.

Einsteins ligningar kan ha fleire løsningar. Men dei løsningane forskarane er interessert i, tilsvarar ein fysisk realitet som vi kan observere. Ligningane er vans­kelege, difor tek fysikarne nokre forutsetningar for å gjere dei enklare å arbete med. Det kan medføyre ein risk for att ein finn ein matematisk løysning som ikkje tilsvarar den fysiske virklegheita.

Den løsninga av ligningar i Einsteins relativitetsteori som beskrivar kvite hol, er mest sannsynleg av denne typen. Dei kvite hola er man kommet fram til ved å sjå på teorien for eit tomd univers, der ligningane er lettare å ha med å gjere, men også er longt frå realistiske.