Løysepengar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Ransom ('Løysesummen'), måleri av John Everett Millais frå 1860-62

Løysepengar er pengar eller verdiar som blir krevja i utpressing for å gje fri ein fange eller ein gjenstand. Historisk har dette vore brukt for krigsfangar. Seinare er det særleg blitt knytt til kidnapping og liknande brotsverk.

Historiske døme[endre | endre wikiteksten]

Julius Cæsar blei teken til fange av sjørøvarar i nærleiken av øya Farmakonisi. Han blei halden fanga til det blei betalt 50 talentar i løysepengar. Sjørøvarane hadde fyrst forlangt 20 talentar, men Cæsar meinte sjølv at han var verdt meir. Etter å ha blitt sleppt fri vende han tilbake med løysepengane, men fanga og krossfest røvarane.[1]

I Europa i mellomalderen var betaling av løysepengar ein viktig del av krigføring. Ein adeleg eller kongeleg riddar kunne vera verdt ein stor sum løysepengae om han blei fanga i live. Kjende døme på slike riddarar som blei haldne for løysepengar var Rikard Løvehjarte og Bertrand du Guesclin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Plutarch, "The Life of Julius Caesar" in The Parallel Lives, Loeb Classical Library edition, 1919, Vol. VII, s. 445. Vitja 9. november 2011. (engelsk)