Larnaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Larnaca
Horisonten til Larnaka
Styresmakter
Land
Kypros
Geografi
Flatevidd
 - By

 ? km²
Innbyggjarar
 - By (2001)

72 000
Koordinatar 34°55′″N 33°38′″EKoordinatar: 34°55′″N 33°38′″E
Diverse anna
Nettstad: www.larnaka.com
Plassering
Larnaka map.PNG

Larnaka eller Larnaca (gresk: Λάρνακα) (òg kalla Skala eller Iskele) er ein by på søraustkysten av Kypros. Den store internasjonale flyplassen på Kypros ligg ved denne byen. I antikken vart Larnaka kalla Kition (latin) Citium). Det bibelske namnet Kittim, som kjem av Citium, vart ofte brukt om heile Kypros, og stundom av hebrearane om grekarane og romarane.

I 2001 hadde byen 72 000 innbyggjarar, og har den nest største hamna på øya og er ein viktig turistby. Nord for byen ligg øya sitt oljeraffineri, medan Larnaca internasjonale flyplass ligg sør for byen. Byen Larnaka er kjend for den vakre strandpromenaden med rekkjer av palmar. Her skjer fleire av dei store festivalane i byen. Den mest kjende av desse er Kataklysmos, eller Flaumfestivalen, som vert feira tidleg på sommaren med ei rekkje kulturhendingar.

Den vidkjende stoiske filosofen Zeno frå Citium stamma frå byen. Det vert sagt at han byrja den stoiske filosoferinga etter at han hadde mista alt han eigde i eit skipsforlis.

Ein vidkjend athensk general, Kimon, omkom til havs då han forsvarte byen i eit stort slag mot persarane frå Xerxes. På dødsleiet bad han innstendig om å halde dødsfallet hans skjult for både allierte og persarar. Sitatet «Και Νεκρος Ενικα» («Sjølv i døden var han sigrande») referer til Kimon. Ein statue av «Kimon Athenaren» står på strandpromenaden i det moderne Larnaka.

Som andre byar på Kypros vert byen stundom råka av jordskjelv, og i mellomalderen då hamna vart fylt med slam (eit teikn på avskoging og overbeiting) flytta folkesetnaden til Larnaka, som låg litt lenger sør. Den gamle hamna og festninga har i dag forsvunne. Det finst framleis spor etter dei gamle festningsmurane og heilagdomane.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!