Lars Erik Larsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lars Erik Vilner Larsson (fødd Lars Erik Vilner Larsson, fødd 15. mai 1908 i Åkarp i Skåne, død 27. desember 1986 i Helsingborg) var ein svensk komponist.

Larsson tok organisteksamen i Växjö 1924 og studerte i perioden 1925-1929 ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han heldt fram med studium hos Alban Berg i Wien og hos Fritz Reuter i Leipzig.

Då han returnerte til Sverige, vart han tilsett som repetitør ved Kungliga Teatern i Stockholm 1930-1931. Frå 1932 underviste han i musikk i Malmö og Lund. Han verka i perioden 1933-1937 som musikk-kritikar. Han var mellom 1947-1959 den første professoren i komposisjon ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Larsson var i perioden 1939-63 styreleiar i Föreningen Svenska Tonsättare, og nestleiar i perioden 1942-1947.

Larsson er mest kjent for sine orkesterverk, men skreiv òg kammermusikk, klaverstykker og romansar. Han skreiv musikk til 22 filmar og nokre slagermelodier. I norsk samanheng er han kjent som komponisten bak melodien til songen Noreg i raudt, kvitt og blått.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Pastoralsvit (for kammerorkester) Op.19 (1938)
  • "Förklädd gud". Lyrisk suite for solistar, kor og orkester. Op.24 (1940), til tekst av Hjalmar Gullberg
  • Tolv concertini (for ulike soloinstrumenter og strykeorkester) Op.45:1-12 (1955-57)