Växjö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 56°52′48.450″N 14°48′27.036″E

Växjö cirka år 1700.
Växjö domkyrkje
Stadshotellet i Växjö

Växjö er ein svensk by som ligg i Kronobergs län i Småland. Växjö er administrasjonssenter for både Växjö kommun og Kronobegs län og ligg kring 100 km vest for Kalmar. I 2011 hadde byen 60 887 innbyggjarar.

Byen er eit handelssenter og samferdselsknutepunkt med mellom anna lufthamn. Byen har i seinare år vokse fram som ein viktig skuleby med mellom anna universitet. Det finst òg fleire museum som Smålands museum med glasmuseum og utvandrarmuseum og teater. Byen har hatt bispesete sidan midten av 1100-talet; domkyrkja er frå slutten av 1200-talet, ombygd fleire gonger, seinast i 1849–1852.

Växjö var alt i yngre jernalder og vikingtid sentrum i Värend-distriktet. Växjö fekk bystatus 13. februar 1342 av kong Magnus Eriksson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]