Symfoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå ei framføring av den 8. symfonien til Gustav Mahler.

Ein symfoni er ein musikalsk komposisjon for orkester i fleire satsar. Ordet stammar fra gresk syn (saman) og fon (lyd). Symfoniar blir framførte av symfoniorkester.

Historie [endre]

Symfonien, slik me kjenner han i dag, stammar frå byrjinga av det 18. århundret. Ein trur at opphavet var den italienske ouverturen (i motsetnad til den franske overtyren).

Tidlege symfoniar inneheldt 3 satsar med tempoane snøgg-langsam-snøgg. Dei viktigaste komponistane av den førklassiske symfonien er italienaren Giovanni Battista Sammartini, Johann Stamitz (Mannheimskulen) og Georg Christoph Wagenseil (Wien). Mannheim og Wien var dei to store sentra for symfoniar. I det 18. århundret vart symfoniforma utvida ved at ein menuett kom inn som ny sats før finalesatsen.

Den klassiske symfonien frå midten av 18-hundretallet og seinare blir framfor alt assosiert med komponistane Joseph Haydn, Wolfgang Amadeus Mozart og Ludwig van Beethoven

Den klassiske symfoni, formsjema
Sats Form Tempo Toneart
1. Sats,
"Hovudsats"
Sonateform snøgg
(t.d. Allegro)
Grunntone
2. Sats Liedform eller
sonateform eller
variasjonsform
langsam
(Adagio, Andante, ...)
Dominant eller
subdominant eller
durparallell eller
mollparallell
3. Sats Menuett eller
scherzo
middels snøgg,
danseaktig
Grunntone
4. Sats,
"Finale"
Sonateform eller
rondo eller
variasjonsform
snøgg
(Allegro, Vivace, Presto, ...)
Grunntone

I det 19. århundret vart symfonien ført vidare i den romantiske perioden, til dømes av Franz Schubert, Felix Mendelssohn-Bartholdy, Carl Maria von Weber, Robert Schumann, Hector Berlioz og Franz Liszt.

Johannes Brahms fortsette der Beethoven, Schumann og Mendelssohn slapp. Symfoniane voks tidsmessig og vart den sentrale musikkforma i mange orkester. Andre viktige komponistar på slutten av 1800-talet er Anton Bruckner, Antonín Dvořák, Pjotr Illitsj Tsjajkovskij og Camille Saint-Saëns.

I det 20. århundret overtok komponistar som Sergej Rachmaninov og Carl Nielsen, som fortsette med den tradisjonelle firesats-symfonien. Andre komponistar prøver nye vegar som Gustav Mahler, som i sin 2. symfoni nytta 5 satsar og i andre brukte kor og solo. Jean Sibelius' 7. symfoni har berre 1 sats.

Komponistar [endre]

Eit utval av komponistar som har skrive symfoniar (her kronologisk etter fødselsår):

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Symfoni