Larsbakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demontering av Friarstova som sto i Hyllestad og skal flyttast attende.
Friarstova før flytting.

Garden Larsbakken si historie kan sporast tilbake til sein mellomalder, men går truleg lenger tilbake. Av tidlegare namneformer finn ein, Bakkjen, Hauge og Maurhaug, truleg av maur og haug. Garden ligg på ei høgd over Dalsfjorden i bygda Tysselandet i Fjaler i Sunnfjord i Vestland fylke.

Garden var tidlegare eit klyngetun, og utfrå det ein finn av hellelagde gangvegar og grunnmurar har det truleg vore langt over 20 hus i tunet. I dag består tunet av fire gjenverande hus. Løe , stove, eldhus og stabbur.Ellers står det fleire utløer som i si tid høyrde til garden. Desse har i 2007 vore gjenstand for omfattande restaurering, men mykje arbeid gjenstår endå. Ved restaureringsarbeidet vert det lagd stor vekt på tilbakeføring i form og ved materialvalg. Ein nyttar td handsmidd spiker, og handsmidde trepluggar. Kledning som er nytta er nordvendt seintvaksen malmfuru. Taktorv er så langt handskoren på garden.

Ved avviklinga av klyngetunet (1895-1905) vart mange av husa flytte til "nye" tun i umiddelbar nærleik til det gamle. Det er i dag fire gardar på det som før fall inn under tunet. Det er berre drift ved ein av desse. Andre bygningar blei derimot demontert og seld og ein veit endå i dag kvar fleire av desse er. Ein finn gamle stover bl.a i Dale i Sunnfjord og i Hyllestad som har sin opprinnelse på klyngetunet.

Husa på Larsbakken er typiske for både område og epoke og eit flott døme på gammel norsk trearkitektur. Tunet må seiast å vere ein viktig del av områdets kulturarv

Hausten 2007 vart ei stove i Hyllestad forsiktig plukka fråkvarandre etter først å ha blitt grundig merka. Denne har tilnamnet friarstova, noko som var kjent både på Tysselandet og i Hyllestad Denne vil bli sett opp igjen på sin barndomsgrunnmur i 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]