Dalsfjorden i Sunnfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå Dalsfjorden på Sunnmøre for fjorden med same namn på Sunnmøre.

Neset på andre sida av fjorden, ca midt i biletet, er Straumsnes. Utom Straumsnes heiter fjorden Vilnesfjorden, innom heiter han Dalsfjorden. Gardane nærast fotografen ligg i Rivedal.
Foto: Jarkko Laine
Inste delen av Dalsfjorden. Tettstaden er Bygstad.
Foto: Per Olav Bøyum

Dalsfjorden er ein fjord i Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke i kommunane Askvoll, Fjaler og Gaular. Dalsfjorden skjer seg austover inn i landet sørom Atløy. Ytste delen av fjorden, frå Atløy til Straumsnes, heiter Vilnesfjorden. Samla lengd for Dalsfjorden med Vilnesfjorden er om lag 43 km. Den indre delen av fjorden er smal, berre ein halv til ein km breidd, medan han lenger ute er vidare. Denne variasjonen kan skuldast påverknad frå isbrear i istida.

På nordsida av Vilnesfjorden ligg mellom anna tettstaden Askvoll, som er kommunesenteret i kommunen med same namn. Mellom her, Fure på sørsida, Atløy og Værlandet lenger ute går det ferjesamband.

Vilnesfjorden sluttar der Dalsfjorden gjer ein sving rett nordover og så rett austover igjen. På nordsida denne delen av fjorden ligg bygda Holmedal. Eit stykke austover stikk Flekkefjorden sørover til Flekke. Dalsøyna ligg aust igjen for Flekkefjorden og på sørsida her ligg Dale i Sunnfjord, kommunesenteret i Fjaler som fjorden har namn etter.

Fjorden svingar seg vidare austover og Gaular kommune utgjer nordsida av fjorden. Her ligg gardsbruka Laukeland, Standnes og Hestad på nordsida, medan Strand ligg på sørsida i Fjaler. Litt lenger aust stikk Halsnes nordover i fjorden og her svingar Dalsfjorden søraustover forbi gardsbruka Sunde og Kleppe på nordsida. Fjorden forlet så Fjaler kommune og svingar rett austover igjen og inn til tettstaden Bygstad. Bygstad ligg ved Svædsundet og frå her held fjorden fram 1,5 km søraustover til botn av fjorden ved Osen der elva Gaula munnar ut.

Riksveg 609 går på nordsida av fjorden frå Holmedal og aust til Eikenes der det går ferje over til Dale. Frå her går Riksveg 57 vidare inn fjorden på sørsida. På delar av nordsida av fjorden frå Dale og inn til Bygstad går Fv391.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]