Lasso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein okse blir fanga med lasso under ein rodeo.

Lasso er ein fangstreiskap i form av eit langt kastetau med ei renneløkke som skal enda rundt ein del av dyret ein skal fanga.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «lasso» kjem frå spansk lazo, avleidd av latin laqueus som tyder 'snare' eller 'snor').[1] Andre spanske namn på reiskapen er lariat, riata og reata, frå spansk reatar, 'knytta oppatt'.[2]

Det nordsamiske namnet på lasso er suohpan.[3] Det lulesamiske er sjuohpan. Særskilde lassotypar kan ha andre namn, som gartsak for ein lasso av sener og skinne, dájvek for ein lasso av tæger (trerøter) og nuovvek, ein lasso av hamp.[4]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Framstilling av farao Ramses II med lasso i eit relieff frå tempelet til Seti I.
Kasting med lasso mot simler og kalvar i Gabna sameby i Nord-Sverige.
Foto: Silje Bergum Kinsten/norden.org

Lasso er kjend frå det gamle Egypt og den minoiske sivilisasjonen, der han blei brukt til jakt.[5] Han er kjend frå før-kolumbisk tid i Sør-Amerika. I nyare tid er han særleg brukt i samband med innfanging av kveg og hestar i Nord- og Sør-Amerika.[5] Han er ofte knytt til cowboykulturen. Nord i Europa og Asia er lasso blitt mykje brukt innan reindrift til å fanga inn reinsdyr.[5]

Ein variant av lasso er ei løkke på ei lang stong (nordsmisk njozon). Denne blir gjerne brukt til å fanga reinkalvar.[6]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Lasso med lassoring

Renneløkka på ein lasso kan vera danna ved hjelp av ein lassoknute, ein lassoring, skinn eller eit anna tau. Innan tradisjonell reindrift har lassoringen vore laga av geviret til eit reinsdyr, men i nyare tid blir han også laga av plast.[7]

Tauet må i begge høve vera glatt og tungt nok til at kasta berar. Kasteteknikken er noko ulik, fordi ein i USA brukar ei lita løkke, og resten av tauet i ein kveil, medan samane lèt heile taulengda vera ei løkke, og vrir kastet slik at den siste vesle løkkedelen hamner der han skal.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «lasso» i Nynorskordboka.
  2. «riata, n.». OED Online. Oxford University Press. September 2019. Henta 11. oktober 2019. 
  3. «Norsk-nordsamisk ordbok / Dáru-davvisámi sátnegirji – Davvi Girji», 533.davvi.no, henta 11. oktober 2019 
  4. «Ordbank», Sametinget (på svensk), henta 11. oktober 2019 
  5. 5,0 5,1 5,2 Sommerfelt, Axel (28. september 2014). «lasso». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. «Naturbruk Vg1 - Merking av rein - NDLA», ndla.no, henta 11. oktober 2019 
  7. Utsi, Tove Aagnes; Bongo, Marit Inger; Lysne, Dag Atle; Finnmark, Høgskolen i, «Reindriftssamenes bruk av geviret», naturfag.no (på norsk), henta 11. oktober 2019