Cowboy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Cow Boy, fotografi frå Dakota Territory (no Sør-Dakota) i 1888.
The Herd Quitter (1897), eit måleri av cowboyar måla av C.M. Russell.

Ein cowboy er tradisjonelt ein kvegdrivar og -gjetarranchar i Nord-Amerika, som regel ridande til hest.

Den amerikanske cowboytradisjonen utvikla seg på 1800-talet frå vaquero-tradisjonar frå Nord-Mexico og med røter tilbake til Spania. Han fekk etterkvart ei viktig kulturell tyding.[1] Liknande roller finst i andre delar av verda, som Sør-Amerika og Australia.

Folk med liknande roller har vorte kalla vaqueros eller charros i Mexico, llaneros i Venezuela, gauchos i Argentina og Uruguay, morochuco og piajenos i Peru, huasos i Chile og chargas i Ecuador.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Malone, J., s. 1.
Bibliografi
  • Malone, John William. An Album of the American Cowboy. New York: Franklin Watts, Inc., 1971. SBN: 531-01512-2.