Last Train to London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Last Train to London
Singel av Electric Light Orchestra
frå albumet Discovery
A-side

«Confusion» (UK)

B-side

«Down Home Town» (US)

Utgjeve 9. november 1979 (UK)
November 1979 (US)
Innspelt 1979, Musicland Studios, München
Sjanger Symfonisk rock, disco
Lengd 4:31
Selskap Jet
Komponist Jeff Lynne
Tekstforfattar Jeff Lynne
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
«Don't Bring Me Down »
(1979)
Last Train to London «I'm Alive»
(1980)


«Last Train to London» er ein song av Electric Light Orchestra (ELO) frå 1979 og det femte sporet på albumet Discovery.

Songen vart gjeven ut som singel i 1979 i Storbritannia som ei dobbel A-side i lag med «Confusion». Singelen nådde åttandeplassen på UK Singles Chart.[1] I USA vart dei to songane gjevne ut på singlar kvar for seg med «Confusion» seint i 1979 og «Last Train to London» tidleg i 1980. Han nådde 39. plassen på Billboard Hot 100.[2] I Spania vart singelen gjeven ut med den spanske tittelen «Ultimo tren a Londres».

« Det var ein viss periode då det verka som me brukte år på å toga fram og attende frå Birmingham til forskjllige TV- og radiostasjonar i London. Der er CS-80-synthesizeren igjen på soloen. »

Discovery-omslaget (2001) - Jeff Lynne

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979/80) Plassering
Frankrike - SNEP 3
Irish Singles Chart[3] 9
UK Singles Chart[1] 8
US Billboard Hot 100[2] 39
US Cash Box Top 100 Singles 36

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1982 gav den taiwanske songaren Frankie Kao(高凌風) ut ein versjon av songen kalla 夏天的浪花 (Sommarbølgja).
  • I 2002 sampla jentegruppa Atomic Kitten ein del av songen på singelen deira «Be With You». Songen vart gjeven ut som ei dobbel A-side med songen «The Last Goodbye». Singelen nådde andreplassen i Storbritannia.
  • I 2008 gav Alex Barattini ut ein lengre remix av den originale innspelinga for Gardenia Records.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 12. februar 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Electric Light Orchestra - Awards». AllMusic. Henta 12. februar 2015. 
  3. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 15. februar 2015.  Enter Electric Light Orchestra in the Search by Artist field, then click Search.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]