Laurent Schwartz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laurent Schwartz

Laurent Schwartz (5. mars 19154. juli 2002) var ein fransk matematikar.

Han var professor i Nancy frå 1945 til 1951, og fram til 1959 ved Sorbonne. Frå 1959 var han professor ved École Polytechnique i Paris. Schwartz grunnla distribusjonsteorien, som er ein av dei viktigaste nyvinningane innanfor moderne matematisk analyse. For dette arbeidet fekk Schwartz Fields-medaljen i 1950.

Schwartz var medlem av gruppa Nicolas Bourbaki.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]