Lefstad sykkelfabrikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lefstad sykkelfabrikk

Skipa7. april 1892
LandNoreg

Lefstad sykkelfabrikk (Leftstad sportsforretning) vart etablert den 7. april 1892 i Trondheim av Johan Peter Lefstad, men alt i 1888 hadde Johan Lefstad starta med sykkelimport frå Austerrike. Dei første åra dreiv firmaet utelukkande med import og reparasjon av syklar.

På slutten av 1920-talet lanserte fabrikken to syklar: Nidaros, og den litt billegare og enklare Styria. Fabrikken hadde på midten av 1930-talet ein årsproduksjon på mellom 2000 og 2500 syklar. I 1930 vann Lefstad gullmedalje på Trøndelagsutstillingen for Nidaros-sykkelen.

Lefstad sykkelfabrikk produserte òg eigne mopedar og motorsyklar. Nidaros motorcycle vart produsert seint på 1910-talet av Lefstad. Nidarosmopeden blei produsert i tida 1956–1958. Sykkelproduksjonen blei avvikla på slutten av 1950-talet då det var dårleg omsetting for småskalaproduksjon.

Selskapet er i dag vidareført som Lefstad sportsforretning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Adresseavisen 7. april 1982
  • Arbeider-avisa 16. mars 1993