Legende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon til den persiske legenda om Rostam.

Ei legende (frå (latin legenda, 'det som bør lesast')[1] var opphavleg forteljingar om martyrar og helgenar. Legendene vart i gammal tid lesne i kyrkjene, og tente til å byggje opp biletet av livet til helgenane og undergjerningar gjort gjennom dei.

I norsk tradisjon finst mange legender om Olav den heilage og St. Sunniva.

I tillegg til å vere ei oppbyggjeleg forteljing om ein helgen, kan nemninga «legende» brukast om andre forteljingar med religiøst-mytisk innhald. Nemninga kan òg brukast om andre fantastiske soger eller mytar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]