Leiglending

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Leiglending eller bygselmann var ei nemning på ein jordbrukar som leigde skuldsett jord (eigedom) av ein jordeiegar. Fram til 1700-talet var dei fleste norske bøndene leiglendingar.

Bonden skreiv som regel ei såkalla bygselkontrakt med eigaren av garden. Frå seinmellomalderen av var slike kontraktar ofte på livstid (om ein ikkje mislegheldt avtala), og kontrakten kunne i dei fleste høve gå i arv mot at ei ny kontrakt vart skriven med arvingen.

Plikter fylgde med leiglendingskontrakten, som at bygg på eigedomen skulle vedlikehaldast og ved nokre høve at ein skulle hjelpa til på jordeigaren sin gard om det trongst. Det var vanleg å betala ei årleg leiga, ei landskyld. Ei bygselkontrakt var òg gjeldande for leiglendingen si enkja. Om ho gifta seg opp att, måtte kontrakten skrivast på nytt med hennar mann.

Ein leiglending kunne i tillegg til å leiga jord òg eiga jord, ein kunne med andre ord vera både sjølveigar og leiglending på ei og same tid. Frå 1710 vart leiglendingar gjevne forkjøpsrett om jordeigaren ynskte å selja eigedomen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Steinar Imsen og Harald Winge: Norsk historisk leksikon. Kultur og samfunn ca. 1500–ca. 1800 (2. utgåve, Cappelen Akademisk Forlag, Oslo 1999)