Leknes lufthamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leknes lufthamn

IATALKN
ICAOENLK
FlyplasstypeSivil
OperatørAvinor
TenerLeknes
StadVestvågøy kommune, Nordland
Opna1972 Sjå dette på Wikidata
Høgd24 meter Sjå dette på Wikidata
Koordinatar68°9′15″N 13°37′0″E, 68°9′9″N 13°36′34″E Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://avinor.no/en/airport/leknes-airport/ Sjå dette på Wikidata

Leknes lufthamn er ei sivil, regional lufthamn i Vestvågøy kommune i Nordland fylke. Lufthamna ligg om lag 2,0 kilometer nord for Leknes og er driven av Avinor AS.

Leknes lufthamn var ein av fleire kortbaneflyplassar som vart opna i 1972. Flyplassen har ein asfaltert rullebane som er 799 meter lang og 30 meter brei. I 1998 gjorde det dåverande Luftfartsverket eit forprosjekt for å gjere rullebanen lengre til 1 200 meter, men dette arbeidet vart ikkje ført vidare.

Flyselskap og destinasjonar[endre | endre wikiteksten]

Innland[endre | endre wikiteksten]

Flyselskap Destinasjonar
 Noreg Widerøe[1] Bodø, Røst, Svolvær

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Leknes lufthavn, Leknes» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]