Sandnessjøen lufthamn, Stokka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandnessjøen lufthamn, Stokka

IATASSJ
ICAOENST
FlyplasstypeSivil
OperatørAvinor
TenerSandnessjøen
StadAlstahaug kommune i Nordland
Opna1968 Sjå dette på Wikidata
Høgd17 meter Sjå dette på Wikidata
Koordinatar65°57′24″N 12°28′8″E, 65°57′35″N 12°28′20″E Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://avinor.no/en/airport/sansnessjoen-airport/ Sjå dette på Wikidata

Sandnessjøen lufthamn, Stokka er ei sivil, regional lufthamn i Alstahaug kommune i Nordland fylke.

Lufthamna ligg på Stokka, om lag 11,0 kilometer sørvest for Sandnessjøen, og er eigd og driven av Avinor AS. Flyselskapet Widerøe flyr til og frå Stokka med flytypen De Havilland Dash 8-103. I tillegg transporterer Luftambulansen trengjande til og frå regionen. Lufthamna vart opna i 1968.

Ved rullebanen på Stokka er det råd om å lande i to retningar. Ved RWY03 kan det landast frå sør-sørvest mot nord-nordaust, medan det ved RWY21 kan landast frå nord-nordaust mot sør-sørvest. Tala i RWY03 og RWY21 er tal som oppgjev den magnetiske retninga til banen på eit 360-graders kompass runda av til næraste 10 heile grader. Rullebanen er 1086 meter lang og 30 meter brei.[1] Hausten 2006 vart nye tryggingssoner rundt rullebanen ferdige.[2]

Flyselskap og destinasjonar[endre | endre wikiteksten]

Innland[endre | endre wikiteksten]

Flyselskap Destinasjonar
 Noreg Widerøe[3] Bodø, Brønnøysund, Mo i Rana, Mosjøen, Oslo, Trondheim

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Sandnessjøen lufthavn, Stokka» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]