Leksikografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Leksikografi er eit fag som tek for seg teoretiske og praktiske problem ved utarbeiding og bruk av ordbøker og andre oppslagsverk. Sentrale felt innanfor leksikografien inkluderer semantikk (tydingslære), morfologi (bøyingslære) og kontrastiv lingvistikk.

Underinndelingar[endre | endre wikiteksten]

Ein deler leksikografi inn i ein praktisk og ein teoretisk del. Praktisk leksikografi vil enkelt og greitt seia at ein førebur og skriv ordbøker. Teoretisk eller metaleksikografi er ein akademisk disiplin som studerer og skildrar semantiske tilhøve i ordforrådet til eit språk og utviklar teoriar om dette og korleis ein lager ordbøker. Dei to felta har nær tilknytting, ettersom ein må ha gode teoretiske kunnskapar for å laga ei god ordbok.

Den teoretiske leksikografien kan vidare delast inn i tre område:

  1. Brukarforskinga fokuserer på teoriar og metodar for å sjå på korleis folk bruker ordbøker slik at ein kan finna prinsipp for å laga betre bøker.
  2. Ordbokskritikken fokuserer på å utarbeida konkrete vurderingar af ordbøker og teoriar og metodar for å melda desse.
  3. Systematisk ordbokforsking fokuserer på utviklinga av nye teoriar eller forbetringar av eksisterande teoriar for å utvikla nye og betre ordbøker.

Det finst òg andre inndelingskriterium i leksikografien. Ein kan til dømes dela han inn etter talet på språk, om ein lagar einspråklege eller tospråklege ordbøker. Ein kan òg skilja mellom allmenn og fagspråkleg leksikografi.

Leksikografi i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Henning Bergenholtz/Sven Tarp (red.): Manual i fagleksikografi. Systime 1994.
  • Sandro Nielsen: «Anmeldelse af ordbøger». I: LexicoNordica 10-2003, 27-44.
  • Sandro Nielsen: «Overvejelser angående det leksikografiske grundlag for en elektronisk bilingval regnskabsordbog», LexicoNordica 9-2002, 173-194.
  • Sandro Nielsen: «At anmelde og blive anmeldt videnskabeligt». I: LexicoNordica 15-2008, 169-195.
  • Bo Svensén: Handbok i lexikografi. Nordstedts Akademiska Förlag 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]