Leningrad Rok-Klub

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Leningrad Rok-Klub (ru: Ленинградский рок-клуб) vart i 1981 skipa som den fyrste lovlege rockeklubben i Sovjetunionen. Lokalet, som låg i ein bakgard inn frå Rubinsteingata 13, er rekna som fødestaden for russisk rock. Kjende russiske grupper som Akvarium, Kino, Alisa, DDT, Zoopark og Strannyje Igry spelte her.

Klubben vart nedlagd tidleg på 90-talet, då den russiske økonomien var i krise.