Lensmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein lensmann var i mellomalderen ein tenestemann under sysselmannen. Ordet tyder eigentleg ein mann som har eit len.

I dag er lensmannen ein statstenestemann som har polititenesta og ymse administrative oppgåver i eit lensmannsdistrikt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lensmannsetaten har røter attende til 1200-talet. Den første tida hadde lensmennene først og fremst innkrevingsoppgåver, men dei hadde òg oppgåva med å halde orden under tinget. Lensmennene var underlagt sysselmennene.

Etter kvart fekk lensmennene auka mynde og autoritet. Dei arbeidde under futane, slik at kvart futedømme hadde mange lensmannsdistrikt. Dei viktigaste oppgåvene var pengeinnkreving og det vi i dag kallar politioppgåver.

eineveldet vart nnført i 1660 var det rundt 300-350 lensmenn i Noreg. Eineveldet førte til eit sterkare embetsmannsstyre, og oppgåvene til lensmennen som det ytterste forvaltningsleddet vart endå viktigare. Utover 1800-talet byrja lensmennene å tilsette medhjelparar, lensmannsbetjentar, som dei løna sjølve.

I dag er lensmannsetaten ein del av Politiet i Noreg.

Kjelde:[endre | endre wikiteksten]