Ting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tinget i Rogaland. Teikning av Halfdan Egedius til Heimskringla.
Lovseiemann på AlltingetTingvellirIsland.
Kong Olav talar til bøndene på tinget ved Hundorp. Teikning av Halfdan Egedius til Heimskringla.
Tusenårsstaden Gulatinget - Bård Breiviks installasjon på Flolid i Gulen

Ting (av norrønt þing) var i norrøn tid ei dømande forsamling som òg kunne fungera som ei lovgjevande forsamling. Før lovane vart skrivne ned, la ein lovseiemann fram den munnleg overleverte rettskunna. Dei norrøne tinga har vorte skildra som ein tidleg versjon av demokrati då dei vart oppretta som eit tidleg forsøk på å introdusere eit representativt system der tvistar kunne gjerast opp i eit nøytralt forum og på ein ikkje-valdeleg måte, heller enn via blodhemn. Tinget samla seg på ein særskild tingstad, som gjerne kunne vera ein haug.

Ordet lev vidare i politiske forsamlingar som allting, storting, folketing, sameting, odelsting, lagting og landsting, og i domstolar som tingretten, Borgarting, Eidsivating, Frostating og Gulating.

Tingstader[endre | endre wikiteksten]

Ein tingstad vart gjerne kalla for «tinget» og plassert på kjente og synlege stader. Det var naturleg å plassere tingstaden på eit naturleg samlingspunkt som eit ope område eller ei slette, gjerne med eit høgdedrag eller ein haug. Ein høgde eller ein voll, gav talarane, dommarane eller predikantane god oversikt over forsamlinga og landskapet rundt.

Tingstader kunne også plasserast ved gravhaugar som i mellomalderen gjerne vart sett på som heilage, og difor naturlege steder for religiøse samlingar.

Det finst fleire stadnamn som viser at ein stad truleg har vore vertskap for folkesamlingar og ting, til dømes Tinghaug og Tingvoll.

Gulatinget, som vart halde i Gulen kommune i Sogn og Fjordane, er ein av dei viktigaste institusjonane frå eldre norsk historie. Tusenårsstaden Gulatinget er ein symbolsk tingstad som blei opna i 2005 til minne om dei årlege tingsamlingane som fann stad i Gulen mellom ca. år 900 og år 1300 e.Kr. Staden inneheld monument laga av bilethoggaren Bård Breivik.

Tinghaugen i Gloppen, sett frå fjorden
Foto: C. Hill, 2007

Tinghaug[endre | endre wikiteksten]

Tinghaug er eit stadnamn som viser til ein stad for folkesamling, ein tingstad, men gjerne og ein stad for kulturelle hendingar og religiøse handlingar.

På garden Hauge i Gloppen i Sogn og Fjordane, ligg den største tinghaugen på Vestlandet. «Tinghaugen på Hauge» blir lokalt kalla Karnilshaugen etter garden den ligg på. Her er det unike lysforhold ved solkverv som gjer at det truleg var ein del religiøs aktivitet her.

Tinghaug i KleppJæren er også kjent som det høgste punktet på «Låg-Jæren», med sine 102 meter over havet. Frå haugen er det godt utsyn over Jæren og Nordsjøen. Det låg tidlegare ein liten gravhaug på toppen av Tinghaug. Området har truleg vore nytta som tingstad på Midt-Jæren.

Tingvoll[endre | endre wikiteksten]

Tingvoll er eit stadnamn med same opphav. Tingvoll er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Tingvoll var truleg ein sentralt tingstad i denne delen av Nordmøre. Ein går ut frå at den gamle tingstaden låg der den gamle steinkyrkja Tingvoll kyrkje ligg i dag. Kommunen valde og kyrkjetunet som tingstad» som tusenårsstad.

Tynwald som er nasjonalforsamlinga på Isle of Man og islandske Þingvellir er begge namn som stammar frå det norrøne ordet Þingvǫll (tingvoll).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]