Lille Lungegårdsvannet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lille Lungegårdsvannet er eit åttekanta vatn midt i Bergen by. Lille Lungegårdsvann er 700 meter i omkrets, og er ikkje ein kunstig innsjø. Lille Lungegårdsvann var opphavleg knytt til Store Lungegårdsvannet, men sundet vart fylt igjen i 1926. Det går derimot ein underjordisk kanal til Store Lungegårdsvannet der det tidlegare sundet gjekk. Derfor er det mogeleg å spore ein viss skilnad mellom flo og fjøre i vatnet.
Ny fontene [endre]
23. juni 2004 opna byrådsleiar Monica Mæland den nye fontena. Fontena er større enn den gamle og består av 21 dyser og 36 lyskastarar som skal lyse opp vassdansen om kvelden. Den gamle fontena vart øydelagd på grunn av alder i 2003.