Limassol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Limassol
Horisonten til Limassol
Styresmakter
Land Kypros
Geografi
Flatevidd
 - By

 ? km²
Innbyggjarar
 - By (2001)

161 200
Koordinatar 34°40′″N 33°02′″EKoordinatar: 34°40′″N 33°02′″E
Høgd over havet 0 m m
Diverse anna
Nettstad: www.limassolmunicipal.com.cy
Limassol

Limassol eller Lemesós (gresk: Λεμεσός, Lemesós; tyrkisk: Limasol) er den nest største byen på Kypros med eit folketal på rundt 161 000 (2001). Byen ligg ved Akrotiribukta på den sørlege kysten av øya.

Byen har den største hamna for mellomhandel i Middelhavet, og har etter kvart vorte den viktigaste turistbyen på øya. Limassol har ein lang kulturell tradisjon med mange museum og arkeologiske utgravingar.

Limassol vart bygd mellom dei to antikke byane Amathus og Kourion, og då han var ein del av Austromarriket vart han kalla Neapolis (ny by). Turistruta i Limassol går austover langs kysten til Amathus. Vest for byen ligg Akrotiri, ein britiskstyrt militærbase.

Limassol trekkjer til seg mange turistar om sommaren, og har fleire luksushotell og leilighetar.