Linnorm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slingrande ormar på ein runestein frå Uppland i Sverige, 1000-talet, (Upplands runinskrifter U871).
Linnormbrønnen i Klagenfurt.
... og byvåpenet i Klagenfurt.

Linnorm er eit fabelvesen nytta som allegorisk, grafisk og heraldisk figur. Den likner på fabelvesenet drake, men har to bein og ikkje fire som draken. De oppheld seg gjerne i dei store skogane eller i vollgraver. Ordet linnorm kjem frå det norrøne linnormr, der forleddet linnr eller linni tydar 'slange'. I meininga 'bøygeleg eller mjuk' kan ordet også ha gjeve namn til treslaget lind.

Linnorm i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Ein naturmytisk ballade «Lindormen» (TSB A29) har mange motiv til felles med eventyret om «Lindormen» (AT 433). Sjå også kjempevisa «Ormkampen» (TSB E156).

Linnorm opptrer også i fantasiriket Nangijala i Astrid Lindgren-boka Brødrene Løvehjerte.