Lind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lind


Status i Noreg: LC Livskraftig

Lind
Lind

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Malvales
Familie: Tiliáceae (Lindefamilien)
Slekt: Tília L.
Art: cordáta
Vitskapleg namn
Tília cordáta
Lind
Namn på andre språk
Norrønt Lind
Svensk Lind, skogslind
Dansk Lind, Småbladet Lind
Engelsk Small-leaved Lime
Tysk Linde, Winter-Linde, Stein-Linde
Fransk Tilleul, tilleul à petites feuilles
Spansk Tilo, tilo norteño, tilo silvestre, tilo de hoja pequeña
Russisk Lipa (Липа), lipa serdtsevidnaja (липа сердцевидная), lipa melkolistnaja (липа мелколистная)
Tilia cordata

Lind (Tília cordáta) er eit tre i lindefamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Linda er eit stort lauvfellande tre med ei brei, kjegleforma krone. Stammen er kort og tjukk, og han delar seg i fleire konkurrerande toppskot. Barken er først gul (med raud lysside) og glatt. Seinare vert han meir ru og grå, og til slutt grå og oppsprukken i furer. Knoppane er spreidde, eggforma, store, raude og hårlause med to knoppskjel. Blada er runde til skeivt hjarteforma med fint takka rand og kort spiss. Oversida er mørkegrøn, mens undersida er blågrøn. Haustfargen er gul, men ganske kortvarig.

Treet blomstrar lang tid etter lauvsprett i juli med gulkvite 5-talsblomstrar i fåblomsta halvskjerm. Blomstrane er samla i små kvastar, og inneheld mykje honning. Dei utviklar etter befruktinga nøtter med vingar, som modnast godt og spirer villig. Rotnettet er oppbygd med ei kraftig, loddrett pælerot, eit hjarteformasystem av hovudrøter, og eit tett forgreina nett av finrøter i overflata.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Linda finst i edellauvskog i nesten heile Europa, men er totalt fråverende i Irland og Island. Ho veks heller ikkje i dei nordlege delane av Skandinavia. I Noreg er ho nokså vanleg i kyst- og fjordstrok nord til Norddal kommune og Stranda kommune. Verdas nordlegaste førekomst for linda er i Brønnøy kommune.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Lindebast er særleg seig og ligg i tynne lag rundt stamma. Den har vorte brukt til tau. Alt i yngre steinalder vart lindebast brukt til t.d. fiskegarn. Ein båt frå eldre jarnalder som vart funne i Danmark, Hjortspringsbåten, var bygd av bord av lind sauma saman med lindebast. Ut i frå arkeologiske funn ser det ut til at vikingskip i stor grad har vore rigga med bastetau av lind, i tillegg til hamp og hestetagl. Under rigging av vikingskipkopiar har det og siste åra vorte prøvt med bastetau.

Den arbeidskrevjande prosessen gjer at dette vert svært dyrt. Tradisjonen med reipslaging av lindebast kunne ein finne i Noreg til etter 2. verdskrigen.

Lindebasten vert flekt av unge tre og renningar om våren. Så ligg den nedsenkt i vatn til hausten. Då vert den oppteken, reinska og oppdelt i tynne bastfibrar. Av desse vert det så slege tau.

Lindeveden er mjuk, og høver godt til treskjæring og dreiing

Linda er mykje brukt som prydtre igjennom heile Europa, og har særleg vore planta til å forme alléar. Eit kjent døme på det er gata Unter den Linden i Berlin. Linda som vert planta i parkar og langs vegar kan vere Tília cordáta, men er like ofte parklind, ein krysning mellom cordáta og ein meir sørleg art.

Linda er særmerkt ved at ho toler beskjering betre enn noko anna tre. Gartnaren kan derfor forme treet i stor grad.

Carl von Linné sitt slektsnamn er inspirert av det store lindetreet som stod på familiegarden deira.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid (1974): Norsk og svensk flora.
  • Knut Fægri 1969: Norges planter
  • Bohumil Kucera og Ragnar M. Næss: TRE naturens vakreste råstoff.

På nettet[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lind