Logaritmisk spiral

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logaritmisk spiral
Tverrsnitt av eit snigleskjel som ein tilnærma logaritmisk spiral.

Ein logaritmisk spiral er i matematikk ei kurve som i polarkoordinatar har likninga

r = ae^{\theta}\,

Her er a ein konstant, e grunntalet i det naturlege logaritmesystemet og φ ein variabel vinkel. Den karakteristiske eigenskapen for denne spiralen er at vinkelen mellom radius-vektor og tangenten er den same overalt. Logaritmisk spiral er spiralforma og nærmar seg polen (origo) i tettare og tettare vindingar i ei uavgrensa mengd.

Logaritmiske spiralar vart først studert av Rene Descartes. Ein finn spiralen i fleire tilfelle i naturen, til dømes i vindingane av somme sniglehus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]